Kjekke opplevingar på Folgefonna

Web Daniel Tengs Visitfonna

Utforsk den sørligaste isbreen i Noreg og ta del i kjekke opplevingar du seint vil gløyma. Folgefonna er eit eldorado for både store og små.

rose

Folgefonna, som er den tredje største isbreen på det norske fastlandet, er sjølve kjerna i Folgefonna Nasjonalpark. Breen har faktisk vore ein attraksjon og «reason to go» heilt sidan verdspublikumet fekk augo opp for Hardanger på midten av 1800-talet. Interessa har ikkje vorte mindre med åra.

Dei siste åra har fleire aktørar satsa på aktivitetar på og rundt isbreen, og no kan du ta del i fleire kjekke opplevingar som passar for heile familien. Kva med å utforska bresprekker og fleire tusen år gammal is med Folgefonni Breførarlag? Deira dagstur med guide på Juklavassbreen er ei oppleving du seint vil gløyma og passar for folk mellom 7 – 80 år. Turen vert nemleg tilpassa til ulike nivå og ynskjer.

rose

For å koma deg på blåis-tur, køyrer du langs den 19 kilometer lange Glacier Road frå Jondal sentrum til brekanten av Folgefonna. Dette er ei gjev oppleving i seg sjølv. Opplev dei store kontrastane i naturen langs vegen som bind saman opplevingane i Jondal Nasjonalparklandsby.

På toppen ligg blant dei mest populære sommarskisentra i verda. På Fonna Glacier Ski Resort finn du alpinløyper for heile familien, freestylepark, langrennsløyper og moglegheit for trugeturar. Opplev sommar i vinterland med fantastisk panoramautsikt over breen, Hardangerfjorden og Nordsjøen – 1450 meter over havet.

rose

Viss du ikkje vil stå på ski, vil ha ein pause frå bakken eller nyta eit godt måltid, må du ta turen innom Fonna1199 – det nye velkomstsenteret på Folgefonna. Her er det restaurant og kafé med lokale råvarer, servicefasilitetar og sal av suvenirar – berre eit steinkast unna brekanten.

rose

Når ein fyrst er inne på kjekke opplevingar, kjem du ikkje utanom Nasjonalparkgården på Buer. Som eit ideelt startpunkt for turar til både Buarbreen og Reinanuten, har Buer vore eit ynda reisemål så lenge det har vore turistar i Hardanger. På garden kan borna også helsa på blant anna høylandsfe, sauer og høns. Det er satt opp bord og benker med mogelegheit for rast fleire plassar på garden. Med andre ord ein perfekt plass for familien!