Den mest populære destinasjonen i Noreg?

PANO0002 Pano 14

Då pandemien slo inn for fullt, var nordmenn raskt ute med å byta ut sydenturen med ferie i Noreg. 2020 var året då nordmenn oppdaga sitt eige land, og det er ikkje utan grunn at så mange tok turen til Hardanger.

rose

Om me får lov til å seia det sjølve, er Hardanger noko av det finaste ein kan oppleva i Noreg. Kanskje det aller finaste ein kan oppleva i Noreg. Med eit hav av ulike moglegheiter og opplevingar, kan du planlegga både korte og lengre opphald for deg sjølv, vennegjengen eller familien. Dette får stadig fleire med seg, og i år ventar me endå fleire nordmenn enn i 2020.

Er du ein av dei som ikkje via turen til Hardanger i fjor? Fortvil ikkje. Denne songen blir minst like bra. Eit godt tips er dog å vera tidleg ute med booking! Her er to av dei mest makelause aktivitetane i Hardanger:

rose

Ut på tur: Trolltunga – det kanskje største fyrtårnet i regionen – er noko for seg sjølv. At folk frå heile verda kjem for å oppleva den spektakulære fjellformasjonen, er lett å forstå. Men lengda og vanskegrada på turen blir ofte undervurdert. Set du av ein heil dag (8-12 timar), har gode sko, pakka sekken nøye, har med nok mat og drikke, samt varme klede, er du dog i boks. Den beste opplevinga får du av å booka ein guida tur. Dette gjeld både erfarne og mindre røynde turgåarar. Uansett om du går med eller utan guide, kjem du ikkje til å angra. Turen er verkeleg vanskeleg å skildra med ord. Du må nesten oppleva den sjølv.

rose

Edle dråpar: Blir det ikkje vinsmaking i Frankrike dette året heller? Vel, Hardanger kjem til unnsetning. Hardanger-regionen er kjent for mykje, men dei gode epla frå regionen er noko av det beste me har. Og av gode eple, vert det god sider. I fleire hundre år har eple vorte pressa og prosessert til edle siderdråpar. Sider frå Hardanger, som stadig vert meir populært på Vinmonopolet, er eit kvalitetsprodukt frå øvste hylle. På ein sidersafari i Hardanger kan du smaka og kjøpa dei mest edle dråpane i landet direkte frå gardane. Er du heldig, møter du kanskje sjølve siderprodusenten, som kan fôra deg med informasjon og historia bak sideren.

Dette er berre nokre av mange spanande aktivitetar, attraksjonar og tilbod ein finn i Hardanger. Her får du full oversikt over det rike utvalet.

Ikkje gløym overnatting!

I Hardanger er det fleire gode overnattingstilbod. Du kan velja å bu i tretopphytter, eller hjå populære Hardanger Fjord Lodge – der gjenbruk og miljø står høgt i fokus. Eller kanskje du vil gå for meir luksuriøse alternativ med moderne fasilitetar? Med oppunder 100 ulike tilbydarar, er moglegheitene mange. Hugs at romma vert fylt opp fort, så ver snar og book snart!

Treng du hjelp til å planlegga sommarferien i Hardanger? Sjå gjerne inspirasjons-sidene våre, eller ta kontakt med dei lokale heltane på turistinformasjonane i regionen. Velkomen!

Sjå alle

Fleire reisetips