Kurs i smøyg

Okt
09-10

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer kurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy smøyg. Ein vel sjølv om ein vil sy bringklut, eller s...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer kurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy smøyg. Ein vel sjølv om ein vil sy bringklut, eller svartsaum til skjorte eller kaps.

Smøyg er ein svært gamal broderiteknikk, som i utsjånad liknar på veving. Den har vore mykje nytta på bringklutar, og er førebiletet til dei vevde bringklutane mange nyttar i dag. Smøyg har og vore nytta på skjortekragar og på kaps, då som svartsaum.

Kurslærar er konservator på Norsk folkemuseum, Kari-Anne Pedersen. Ho har mellom anna jobba mykje med broderi på skjorter frå Telemark, som har svært forseggjorte smøygbroderi.

Kurset vert laurdag 9. og sundag 10. oktober, på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 16.30.

Påmelding til post@hvm.museum.no / 474 79 884 innan 24. september

Pris: Kr 3000,- for medlemer i Folgefonn/Norges husflidslag, 3500,- for ikkjemedlemar. Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.

Kart

Arrangement i nærleiken