Kurs i hardangersaum

Sep
17-19

Hardanger folkemuseum inviterer til helgekurs i hardangersaum 17. – 20. september 2021. Kurset inkluderer både omvising, foredrag, besøk på tekstilmagasinet og overnatting på ærverdige Utne hotel.Like tilbake til 1600...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Hardanger folkemuseum inviterer til helgekurs i hardangersaum 17. – 20. september 2021. Kurset inkluderer både omvising, foredrag, besøk på tekstilmagasinet og overnatting på ærverdige Utne hotel.Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som ein del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa for dette vakre broderiet spreidd seg til store delar av verda. Lat vår kurslærar ta deg med til hardangersaumens arnestad, og syna deg saumens løyndomar.

Kurs i hardangersaum inkluderer tre dagars kurs med omvisingar, foredrag, magasinbesøk, overnatting, frokost, lunsj og middag.

Tidspunkt

17. – 20. september 2021. Påmelding innan 15. august 2021.

Andre tidspunkt kan avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.

Ved færre 5 påmeldte deltakarar kan kursa verta avlyste.

Prisar

Kurs med overnatting i dobbeltrom og fullpensjon 7.650,-

Enkeltromstillegg 1.440,-

inkluderar kursavgift, overnatting tre netter og alle måltid fredag til sundag.

Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.

Alternativ utan overnatting

Kurs dagtid og lunsj tre dagar 3.800,-

For meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 47 47 98 84/95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no

Kart