Røte-Heng

Røte-Heng

Kinsarvik-Røte-Heng Nyt fin fjordutsikt på veg opp til starten av H M Dronning Sonjas Panoramatur, eller Kongsbergvegen over Hardangervidda.  Sesong: Så sant det er snøfritt, ca april-oktober.  Start fr...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Kinsarvik-Røte-Heng

Nyt fin fjordutsikt på veg opp til starten av H M Dronning Sonjas Panoramatur, eller Kongsbergvegen over Hardangervidda. 

Sesong: Så sant det er snøfritt, ca april-oktober. 

Start frå Kinsarvik: Frå Kinsarvik tek ein av ved Esso-stasjonen og kjører/går ein liten veg oppover. I krysset ved Esso stasjonen står eit treskilt med "Dronningstien", følg skiltet. Etter ca 2,5 km kjem ein til Røte, der ein kan parkera.

Parkering: Der asfaltvegen sluttar er det parkeringsplass på Røte (ca 200 moh).

Start Røte: Frå parkeringsplassen på Røte går det skogsveg oppover til Heng (ca 750 moh). Skogsvegen er privat og ikkje lov å kjøra.

Endepunkt: Heng, ca 750 moh

Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Odda, Eidfjord, Geilo, Voss stoppar i Kinsarvik . Hurtigbåt i sommarsesongen frå Norheimsund (busskorrespondanse til/frå Bergen) stoppar også i Kinsarvik. Det er ca 2,5 km å gå frå busstopp/båtkai i Kinsarvik til Røte.

Merking: Det går grusveg/skogsveg heile vegen opp.

Gradering: Underlaget er stort sett lett å gå på, men meir ujamnt mot toppen. Det er stigning heile vegen. Dette er ein middels krevjande tur.

Turlengd: Avstand Kinsarvik-Røte er 2,5 km. Avstand Røte-Heng er ca 4,5 km

Høgdeskilnad: Høgdeskilnad Kinsarvik-Røte er 200 meter. Høgdeskilnad Røte-Heng er ca 550 meter.

Tidsbruk: Frå parkeringsplassen på Røte opp til Heng tek det ca 1,5 - 2 timar å gå.

Gode råd: Ta på gode sko, og ta med litt niste og drikke.

Turomtale: Frå parkeringsplass på Røte, går ein på grusveg oppover til Heng. Frå ca 400 moh er det tett skog og utsikta til fjorden er avgrensa. Frå ca 600 moh er det flott utsikt.

Lengre turar med denne løypa:

Dronningstien: Gå H M Dronning Sonja sin Panoramatur frå Heng. Der skogsvegen sluttar på Heng, startar Dronningstien. Det er mogeleg å gå heile, eller deler av Dronningstien frå Heng. Hugs då varme klede, kart og kompass. Sesong Dronningstien: slutten av juni til midten av september.

Kongsbergvegen: Start turen til Hardangervidda med denne ruta. Frå fjordbygdene gjekk det viktige handelsruter, kalla sleper, over Hardangervidda i gamle dagar. Langs Nordmannsslepene og Hardingslepa vart det frakta varer austover, mot til dømes Kongsberg. På 1700-og 1800-talet reiste driftekarane med store flokkar hestar og storfe til marknadsplassane austpå. Kongsbergvegen frå Kinsarvik gjekk frå fjorden opp lia via Røte og Heng. Det går umerka sti frå Heng austover der Kongsbergvegen gjekk tidlegare. Ta med, mat, varme klede, kart og kompass om ein skal vidare inn på vidda. Sesong Hardangervidda: juli og august.

Avstand
Gradering
Sesong
Varighet

Kart