Ullensvang har storslått natur, med fjord, fjell og fossar som stuper nedover dei bratte fjellsidene.
Du kan leige båt og oppleve dei vakre omgivelsane frå fjorden, kombinert med ein fisketur. Kanskje får du besøk av eit par niser?
Eller du kan ta ein tur opp i fjellet og nyte den flotte utsikta. Lytt til den vakre fuglesongen, sjå på sauer som kosar seg på beite og
kjenn at livet er godt å leve.
Her er i tillegg to nasjonalparkar; Hardangervidda og Folgefonna.
Med andre ord: Alt ligg til rette for store naturopplevingar her i Ullensvang.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram