Om
Skredløypa frå Reiseter til Aga
Dette er ei løype som går gjennom idyllisk kulturlandskap, med utsikt til fjord, fjell og isbre. Naturlandskapet her er vakkert, men også nådelaust. I dei bratte fjellsidene går det mange skred i vinterhalvåret.
I området der løypa går er husa fleire stader bygd tett på kvarandre. Slike klyngetun var den vanlegaste måten å bu på i gamle dagar. Agatunet syner dette. Modernisering av landbruket har gjort at desse «landsbyane» har forsvunne, og at ein byggjer meir spreidd no. Men i dette landskapet har dei farlege skredene gjort at ein framleis må bu i «klyngetun». Det er også sett opp store vollar for å verne folk og bygningar mot skred. Like sør for Reiseter ligg skredmuren - ”Noregs største skulptur i betong” - og vernar Bleietunet ved fjorden nedanfor.
Sesong: Juni – Oktober. Gå ikkje her i vinterhalvåret, det går mange skred i området!
Startpunkt: Reiseter.
Endepunkt: Aga.
Parkering: På Reiseter. Frå Nå, ved Nå Auto, ta lokalveg FV 109 og køyr oppover 3,7 km til Reiseter. Reiseter ligg 330 moh. Siste del av vegen er veldig smal, og berre eigna for personbilar. Parkeringsplassen er liten, og pass på at parkeringa ikkje er til sjenanse for gardsdrift. Større køyretøy må parkera nede på Nå. Å gå frå Nå til Reiseter er ein fin tur, som går forbi mange fruktgardar, og med god utsikt til Sørfjorden.
Tilkomst med offentleg transport: Skyss buss frå Odda, Utne og Jondal (linje 980) stoppar på Nå, og på Aga (nokre ved Agatunet).
Merking: Løypa er merka frå Reiseter til Nyeslåtten ved Aga.
Gradering: Lett til middels krevjande tur.
Turlengd: ca 9 km ein veg frå Reiseter til Nyeslåtten ved Aga.
Høgdeskilnad: Reiseter ca 330 moh, Hersete ca 560 moh, Nyeslåtten ca 180 moh, Agatunet ca 25 moh.
Tidsbruk: 2,5 til 3 timar ein veg frå Reiseter til Nyeslåtten ved Aga.
Gode råd: Bruk gode tursko, det kan vera våte parti. Lat att grinder, det kan vera beitedyr i området. Ta med niste og drikke.
Turomtale: Frå parkeringsplassen på Reiseter, gå gardsvegen/skogsvegen i retning sørvest, og ta av mot Hersete. Følg eventuelt den merka Skredløypa i til Hersete. Hersete er eit fint stølsområde. Kjelda til flaskevatnprodusenten Isklar, ligg lengre oppe i bakkesida. Så går det nedover gjennom eit våtmarksområde. Skogsvegen går gjennom Måkestad- og Kvestadhagane, og vidare forbi stølane til Åkre og Kråkevik, og gjennom orreskog. Før Rogdo ligg store skredløp, Bruhaug- og Grindaskredene, der det går nesten skred kvart år. Klyngetunet Rogdo ligg trygt plassert, sjølv om det stundom kan liggja som ein holme mellom skredene. Etter eit idyllisk tjørnområdet, Rogdatjørnet, kjem ein til ur med kampesteinar og holer - forvitneleg! Dette er ikkje ein morene, som me skulle tru, men eit gedigent steinsprang - heile fjellsida har losna ein gong i førhistorisk tid. Deretter kjem me inn i eit skredområde - stien går gjennom ei kjempeskrede - flaum, stein, jord og tre - som kom kvelden 26. desember 2011. Det går mot Aga over bekkeløp og beitemark til Nyeslåtten. Skredvollen som vernar gardsbruka nedanfor er eit mektig byggverk i steinmur. Frå Nyeslåtten kan ein ordna med å bli henta. Det går bilveg (eigna for personbilar) ca 200 meter sør for Agatunet opp til Nyeslåtten. Elles må ein gå frå Nyeslåtten ned til Aga, der det er busshaldeplass.
Kart: scroll ned
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram