Om
Skredløypa frå Aga til Reiseter
Detter er ei løype som går gjennom idyllisk kulturlandskap, med utsikt til fjord, fjell og isbre. Naturlandskapet her er vakkert, men også nådelaust. I dei bratte fjellsidene går det mange skred i vinterhalvåret.
I området der løypa går er husa fleire stader bydg tett på kvarandre. Slike klyngetun var den vanlegaste måten å bu på i gamle dagar. Agatunet syner dette. Modernisering av landbruket har gjort at desse «landsbyane» har forsvunne, og at ein byggjer meir spreidd no. Men i dette landskapet har dei farlege skredene gjort at ein framleis må bu i «klyngetun». Det er også sett opp store vollar for å verne folk og bygningar mot skred.
Sesong: Juni – Oktober. Gå ikkje her i vinterhalvåret, det går mange skred i området!
Startpunkt: Agatunet, Aga (eller Nyeslåtten, ca ein km sør-vest for Agatunet)
Endepunkt: Reiseter.
Parkering: Ca 500 meter nord for Agatunet kan ein parkera ved den flotte rasteplassen. Personbilar kan køyra til Nyeslåtten, men det er ikkje parkring der.
Tilkomst med offentleg transport: Skyss buss frå Odda, Utne og Jondal (linje 980) stoppar på Aga, nokre ved Agatunet, og på Nå.
Merking: Løypa er merka frå Nyeslåtten til Reiseter.
Gradering: Lett til middels krevjande tur.
Turlengd: ca 9 km ein veg frå Nyeslåtten til Reiseter.
Høgdeskilnad: Agatunet ca 25 moh, Nyeslåtten ca 180 moh, Hersete ca 560 moh, Reiseter ca 330 moh.
Tidsbruk: 2,5 til 3 timar ein veg frå Nyeslåtten til Reiseter.
Gode råd: Bruk gode tursko, det kan vera våte parti. Lat att grinder, det kan vera beitedyr i området. Ta med niste og drikke.
Turomtale: Start ved Agatunet, og gå eller køyr sørover. Ta av på høgre hand om lag 200 meter etter inngangen til Agatunet, og følg vegen til Nyeslåtten. Personbilar kan køyra til Nyeslåtten, men det er ikkje parkring der. Skilting starta ved Nyeslåtten. Skredvollen som vernar gardsbruka nedanfor er eit mektig byggverk i steinmur. Fyrste delen av løypa går i beitemark og over bekkeløp. Deretter kjem me inn i eit skredområde - stien går gjennom ei kjempeskrede - flaum, stein, jord og tre - som kom kvelden 26. desember 2011. Vidare passerer me i ei ur med kampesteinar og holer - forvitneleg! Dette er ikkje ein morene, som me skulle tru, men eit gedigent steinsprang - heile fjellsida har losna ein gong i førhistorisk tid. Ferdige med ura kjem me til eit idyllisk tjørnområde - Rogdatjørnet -, før me kjem til klyngjetunet Rogdo. Tunet er trygt sjølv om det stundom kan liggja som ein holme mellom skredene. Frå Rogdo møter me motbakkar opp til nokre skredløp - Grinda- og Bruhaugskreda - snøskreder som går mest årvisst. Vidare inn i orreskog og til Kråkevik-og Åkrestølar, og me kjem inn på skogsveg som me fylgjer gjennom Kvestad- og Måkestadhagane. No går det oppover att og gjennom eit våtmarksområde til me mest er over skogen og har mektige fjell over oss, me er på Hersete - eit fint stølsområde der kjelda til falskevatnprodusenten Isklar ligg lengre oppe i bakkesida.
Frå Hersete kan me ta skogsvegen - eller gå den merka Skredløypa - ned til klyngjetunet Reiseter - kjendt frå pilgrimsvandringane og måleria til Tiedemand og Gude. Like sør for Reiseter ligg skredmuren - ”Noregs største skulptur i betong” - og vernar Bleietunet ved fjorden nedanfor.
Frå Reiseter kan ein ordna med å bli henta. Det går bilveg (eigna for personbilar) frå Nå til Reiseter (Fv 109). Elles må ein gå frå Reiseter ned til Nå (3,7 km), der det er busshaldeplass.
Kart: sjå her (scroll ned)
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram