Velkommen til Ullensvang i Hardanger
“A masterpiece of nature’s work» meinte den engelske turisten Charles Boilieu Elliott i 1830, då han etter ei strevsam vandring over Hardangervidda, for fyrste gong såg ut over Ullensvang og Hardangerfjorden. Frå toppen av fjellsida såg han ei mektig Folgefonn, vakre fossefall, ein stille Sørfjord og eit kulturlandskap med små gardar i bratte fjellsider.
Flere tilreisande vart bergtekne etterkvart. "Hadde jeg visst her var så vakkert, hadde jeg kommet før", skal visst Bjørnson ha sagt då han vitja Ullensvang for første gong. Edvard Grieg likte seg også godt her, og var fast sommargjest.
Framleis bergtek Ullensvang tilreisande. Hardangervidda nasjonalpark er landets største nasjonalpark og eit eldorado for vandrarar. Husedalen, med sine fire store fossar er den vakraste innfallsporten til Hardangervidda. H M Dronning Sonja opna Folgefonna Nasjonalpark i 2005. Sommaren 2013 var Hennar Majestet her igjen og opna «H.M. Dronning Sonjas panoramatur».
Nasjonal turistveg Hardanger er ein av dei vakraste kjørerutene i landet. I mai er det fruktblomstring, og særleg vakkert, når tusenvis av frukttre står i blom.
Men her er meir: For barnefamiliar er Mikkelparken full av aktivitetar for dei minste.
I Ullensvang kan du overnatte på nokre av dei mest legendariske hotella i landet. Eller bu i hytter, eller på idylliske campingplassar, alt tett på Hardangerfjorden.
Vakker og familievennleg venter Ullensvang på ditt besøk!