KOPI 2 MB Norled VHF 2020 C35 A8731 V2
Skreddarsydde reisetilbod

Finn fram til dei beste ferdigpakka reiseopplevingane

Vil du la nokre andre ta seg av ferieplanlegginga? Sjekk ut ferdige pakkereiser frå Hardanger! Alle oppføringane på denne sida kjem frå seriøse aktørar som nyttar seg av alle dei ulike tilboda du finn i regionen.

Bilde Fjord Tours Hardangerfjord in a nutshell Simon Sjøkvist
Rundturar og reiseopplevingar

Fjord Tours - Hardangerfjord in a nutshell

Fjord Tours har skreddarsydd dei finaste Hardanger-rundturane med offentleg transport. Her kan du lena deg tilbake og oppleva det finaste Noreg har å by på - på ein berekraftig måte - frå tog, buss og båt. Dette er den mest populære Fjord Tours-turen gjennom Hardanger.

Bilde Fjord Tours Sider Tur VISITFLAM VISION SVERREHJORNEVIK 21412
Rundturar og reiseopplevingar

Fjord Tours - Sider-turar i Hardanger

For deg som ser etter meir en «berre» sightseeing, har Fjord Tours funne fram til nokre av dei mest spanande aktivitetane i Hardanger og lagt dei til i sine ferdigpakka rundturar med offentleg transport. Kva med eit sidercruise med hybridbåten «Vision of the Fjords» eller ein RIB-tur kombinert med sidersmaking?

Fotokred Utne hotel 1
Rundturar og reiseopplevingar

De Historiske - Sidersafari på Hardangerfjorden

Ynskjer du å ha god tid til å nyta nokre av det beste Hardanger har å tilby? Via De Historiske kan du no booka pakketurar som inkluderer fjord-sightseeing, sidersmaking og overnatting på eit av dei historiske hotella i Hardanger.

Bilde Go Fjords Hardangrfjord Cruise 2 MB
Rundturar og reiseopplevingar

Go Fjords - Hardangerfjord Cruise og Vøringsfossen

Ser du etter ein dagstur med offentleg transport frå Bergen til Hardanger? Go Fjords tilbyr daglege (april - oktober) utfluktar med buss og båt! Frå Bergen sentrum kjem du rett til turistbåten som tek deg med på eit minnerikt sightseeingcruise på vakre Hardangerfjorden. Topp denne opplevinga med ein ekskursjon til Vøringsfossen og Norsk Natursenter i Eidfjord.

Bilde Rødne Fjord cruise til Hardanger Rosendal Bjarne Øymyr 2 MB
Rundturar og reiseopplevingar

Rødne - Fjordcruise til Hardanger

Med Rødne sin ekspressbåt kjem du direkte frå Bergen sentrum til vakre Rosendal i munninga av Hardangerfjorden. Dette fjord-cruiset til Hardanger, som går kvar dag heile året, kan du tar som dagstur eller enkeltbillett. Gjennom sommaren kan du kombinera turen med eit besøk til Baroniet Rosendal - Skandinavias minste slott med ein berømt rosehage og variert kulturprogram.

Bilde til Discover Norway Biking between Utne and Herand 6 Photo Sverre Hjørnevik Fjord Norway 2 MB
Rundturar og reiseopplevingar

Discover Norway - Hardangerfjorden med sykkel og ferjer

For deg som har lyst til å oppleve vakre Hardangerfjorden frå sykkelsete - Discover Norway har eit komfortabelt tilbod, der ruta er ferdigpakka, overnatting undervegs er førehandsbooka og bagasjen din vert tatt hand om og transportert mens du syklar langs fjorden.

Bilde Expa Travel Omaholmen 4 Photo Sverre Hjørnevik Fjord Norway
Rundturar og reiseopplevingar

Expa Travel - Hardangerfjorden rundt på sykkel

Hardangerfjorden rundt med sykkel, bagasjetransport og turleiar – dette er ei fantastisk oppleving som Expa Travel har sydd saman for deg! Med start- og sluttpunkt i Eidfjord, går denne rundturen gjennom store delar av regionen. Frå sykkelsete kjem du tett på fjordlandskapet. Dei ulike ferjekryssingane langs vegen gjev velfortente pusterom undervegs.

Trolltunga sunrise sunset
Rundturar og reiseopplevingar

Up Norway - The Discovery Route

Store delar av Discovery Route sin pakketur frå Bergen til Stavanger går via Hardanger, og her er det mange spanande opplevingar som ventar på deg undervegs. Up Norway har samla og sydd saman dei beste opplevingane til ei 13-dagars oppdagelsesreise, krydra med Trolltunga Sunset/Sunrise-turen og sider frå Hardanger!