Vetlemyrane

Aug
05

Du kan overnatte i den sjarmerande Gamlastovo på garden Vetlemyrane heile året. Gamlastovo er eit lite hus bygd tidleg på 1800- talet men restaurert slik at både det gamle preget og moderne standard er ivaretatt. Huse...

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Some

Om

Du kan overnatte i den sjarmerande Gamlastovo på garden Vetlemyrane heile året. Gamlastovo er eit lite hus bygd tidleg på 1800- talet men restaurert slik at både det gamle preget og moderne standard er ivaretatt. Huset er fullt utstyrt og har tre soverom med til saman 7 sengeplassar. Vetlemyrane ligg nært Øystese og det tek om lag 1,5 t med bil eller buss frå Bergen.

Garden er omkransa av vakkert kulturlandskap  og natur, og er ein stad der du lett kan finne ro.

I nærområdet er det og moglegheiter for mange gode friluftsopplevingar både ved Hardangerfjorden og på fjellet. Vetlemyrane er også eit godt utgangspunkt for dagsturar til kjende attraksjonar som Folgefonna, Trolltunga, Vøringsfossen, Flåmsbana og verdsarvområdet i Nærøyfjorden.

Spør gjerne om turforslag og om ynskjeleg kan ein bli med på guida turar i skog og fjell.

På garden er sauer og hundar. Dei som ynskjer kan vere med å stelle dyra eller bli med når sauene får tilsyn på beitet. Om våren kan ein få oppleve lamminga.  

Aktivitetsforslag:
Leige båt, fiske i Fitjadalen, gjete sau, guida turar i skog og fjell og hopping i høy.

Aktiviteter
Spesial

Kart