Sep
22

Det historiske hotellet Utne Hotel frå 1722 har vore i kontinuerleg drift sida det. Hotellet har berre 17 rom, der alle har individuelt, historisk interiør med særpreg og sjarm. Hotellet er perfekt for deg som ser etter autentiske opplevingar .

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Tripadvisor

Om

Utne Hotel er Noregs eldste freda trehotell som kontinuerlig har vore i drift i snart 300 år. Det heile starta i 1722 som eit gjestgiveri med stove, kjøken, gang og eit soverom. Utne hotel har i fleire hundre år bydd på tradisjon og omtanke for sine gjester.

Alderen tatt i betraktning er det ikkje så rart at ein kan høyre knirkelydar eller fornemma at det er nokon frå tidlegare generasjonar som passar på. Det er som å bu i ei historiebok.

Hotellet har gjennom tidene vore drive av sterke kvinner, -Mor Utne dreiv hotellet i heile 70 år. No er det Bente Raaen Widding som er hotellvertinne og som saman med sin mann, Kjetil Widding, utgjer vertskapet på Utne hotel. Her sørger dei for at du blir ynskja velkomen med det ekte smilet.

Generelle fasiliteter
Kredittkort
MICE Konferansefasiliteter
Rabatter
Romfasiliteter
Skjenkerettigheter
Spesial
Språk

Kart