Oddland Camping

Oddland camping ligg i Vikøy fire kilometer frå Norheimsund sentrum. Det familiedrive hyttetunet har fantastisk utsikt over Hardangerfjorden og ligg  50 m frå fjordkanten. Her er til saman sju hytter, seks av desse er...

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Some
Tripadvisor

Om

Oddland camping ligg i Vikøy fire kilometer frå Norheimsund sentrum. Det familiedrive hyttetunet har fantastisk utsikt over Hardangerfjorden og ligg  50 m frå fjordkanten. Her er til saman sju hytter, seks av desse er på ca. 25 m² og høver for to til fire personar. Alle har veranda med fjordutsikt, kjøkkenkrok med kjøleskap og nødvendig kjøkkenutstyr, bad med dusj og toalett. Sengetøy, handkle og sluttreingjering kan tingast. Sesong frå april til november. Ei av hyttene er nybygd og på 45 m². Hytta har stor veranda med utsikt, to soverom med to-tre sengeplassar, fullt utstyrt kjøkken, bad med dusj og toalett. Sengetøy, handkle og sluttreingjering er inkludert i prisen. Denne hytta er vinterisolert og heilårsopen. Hyttetunet har rullesteinsstrand, brygge og gratis tilgang til båt for gjestar. Oddalnd Camping leiger og ut fem syklar.

 

Aktiviteter
Generelle fasiliteter
Kjøkken og hushold
Spesial

Kart