Aug
01

Hardangertun ligg vakkert til i Kinsarvik, like ved Hardangerfjorden på Rv 13. Frå Kinsarvik er det berre ein kort køyretur til Lofthus, Tyssedal, Odda og Eidfjord, eller ein kort ferjetur til Utne Omgitt av dei...

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Tripadvisor

Om

Hardangertun ligg vakkert til i Kinsarvik, like ved Hardangerfjorden på Rv 13.

Frå Kinsarvik er det berre ein kort køyretur til Lofthus, Tyssedal, Odda og Eidfjord, eller ein kort ferjetur til Utne



Omgitt av dei høge fjella, fjorden og den vakre naturen er Hardangertun eit naturleg valg for familiar som skal på helgeturar og feriar. Kinsarvik er ein perfekt stad for avslapping, turar i den vakre Husedalen med sine fire flotte fossar, besøk i den over 900 år gamle Kinsarvik kyrkje, kanopadling på fjorden eller fiske.



Ta gjerne turen til Lofthus og dei berømte Munketreppene. Der kan de oppleva ein fantastisk utsikt over Sørfjorden. For dei som er skikkeleg spreke vil ein tur til Tyssedal og den majestetiske Trolltunga vera ein opplevelse for livet. For dei kulturinteresserte vil ein tur til Utne og Hardanger folkemuseum vera ein opplevelse. Eller de kan ta turen til Eidfjord og besøka Sima Kraftverk og Hardangervidda Natursenter.



Det er Hardangertun som eig og driv den populære Mikkelparken som ligg rett på andre sida av vegen.



Hardangertun 26 store hytter og 8 leilegheiter, i tillegg til eit stort campingområde. Anten de er to personar, ein familie på åtte, eller køyrer med bubil/campingvogn vil Hardangertun vera staden for dykk.



I tillegg til å driva Hardangertun leirskule, tar òg mot grupper, kor og korps som ynskjer helgesamlingar.

Aktiviteter
Aldersgrense
Camping og hytte
Generelle fasiliteter
Handikap
Kjøkken og hushold
Kredittkort
Mat og drikke
MICE Konferansefasiliteter
Natur og terreng
Reisepakke
Romfasiliteter
Spesial
Sportsaktiviteter
Språk

Kart