Hardanger Panorama Lodge

Overnatt mellom tretoppane med panoramautsikt over fjordlandskapet! Hardanger  Panorama Lodge i Ulvik er ei tretopphytte som står på 7,6 m høge søyler. Hytta er 54 m² fordelt på tre etasjar, og har store vindauge slik...

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Overnatt mellom tretoppane med panoramautsikt over fjordlandskapet! Hardanger  Panorama Lodge i Ulvik er ei tretopphytte som står på 7,6 m høge søyler. Hytta er 54 fordelt på tre etasjar, og har store vindauge slik at naturen er del av interiøret. Her er tre soverom og sengeplass til seks personar, på eine rommet er det i tillegg ein sovesofa. Kjøkkenet er fullt utstyrt, bad med toalett og dusj og eit triveleg opphaldsrom. Hytta har to terrassar, ein takterrasse og ein terrasse med glasgolv i første etasje. Ved hytta er grillplass og parkeringsplass med moglegheit for lading av elbil.

Sengetøy kan leigast, men dette må informerast om ved bestilling. Om ein ynskjer kan ferdige måltid leverast frå Hardanger Gjestehus. Syse Gard kan og levere og eigenproduserte pølser, eplesaft og syltetøy direkte til hytta. Eit opphald i trehytta er ei oppleving utanom det vanlege!

Praktisk info:

3 soverom

Sengeplass til 6 personer, 3 dobbeltsenger, 1 enkeltsenger, mulighet for 1 ekstra seng

Hytten er 54 kvm

Innlagt vann

Oppvarming med strøm

Strøm, vannklosett

Dusj

Fullt utstyrt kjøkken

Wifi

Parkeringsplass med lading til EL-bil

Ta med eget sengetøy. Sengetøy kan også leies, gi i såfall beskjed om dette ved booking.

Kart