Hardanger Guesthouse

Hardanger Guesthouse ligg knappe fem minuttars gange frå Ulvik sentrum og byr på 17 familievennlege gjesterom i det tidlegare Fjordpensjonatet. Her finn du ein stor, romsleg hage med fleire leikemoglegheiter for små o...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Hardanger Guesthouse ligg knappe fem minuttars gange frå Ulvik sentrum og byr på 17 familievennlege gjesterom i det tidlegare Fjordpensjonatet. Her finn du ein stor, romsleg hage med fleire leikemoglegheiter for små og store. Nyt eit godt måltid i spisesalen eller ta ein tur innom isbaren for forfriskningar. Hardanger Guesthouse ligg nær ei brusande elv som munner ut i Ulvikfjorden med gode fisketilhøve og bademoglegheiter. Vis-a-vis gjestehuset ligg campingplassen med fleire overnattingsmoglegheiter. Overnatt i ei av hyttene berekna for 4–5 personar, slå opp telt, eller kom innom med campingvogn eller campingbil. Campingplassen har badestrand, sanitetsområde med dusj og toalett, og leikeområde for store og små.

Kart