Hardanger Fjord Lodge

Jul
29

Ikkje langt frå starten av Bondhusdalen turen ligg Hardanger Fjord Lodge ved fjorden på kaien i Sundal. Her kan du overnatta i ei sveitserhus-stil villa frå 1889 som nyleg vart pussa opp med fokus på å behalda historia og sjarmen av bygget.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Nettside

Om

Omkransa av stupbratte fjell, Folgefonna, Bondhusvatnet og fjorden, ligg Hardanger Fjord Lodge idyllisk plassert nede på kaien i Sundal. Det sjarmerande sveitserhuset frå 1889 vart nyleg pussa opp, men vertane Caroline og Harald har tatt vare på historia i veggane og tilbyd eit personleg og autentisk opphald på dei 9 romma deira – alle med senger av 100 prosent naturmateriale. Middag må tingast minst 3 dagar i førehand av opphaldet. 

Eit godt tips er å nyta den nede ved kanten av fjorden, der dei også har fått på plass ei badstove med ei utsikt få andre kan skilta med.   

Hardanger Fjord Lodge og Sundal er eit godt utgangspunkt for aktivitetar i regionen heile året – som blant anna guida turar med Folgefonni Breførarlag, Trolltunga, Fonna Glacier Ski Resort, Fonnabu, Breidablikk, Baroniet i Rosendal, og dette berre for å nemna noko.   

Velkomen til Hardanger Fjord Lodge!

Kart