Garen Camping

Okt
16

Garen Camping ligg på Hardangervidda langs RV 7, 750 m.o.h. Campingplassen ligg nær elva Bjoreio og det er ei fantastisk utsikt over Hardangervidda.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Some
Tripadvisor

Om

Her er til saman 28 hytter, åtte store med seks-åtte sengeplassar og 20 mindre hytter med tre-fire sengeplassar. Det er og eit stort campingområde med elektrisitet. Andre fasilitetar er felles kjøkken, vaskerom, sauna, sanitæranlegg, grillhytte, TV-rom og ein liten matbutikk. Garen er eit godt utgangspunkt for kortare og lengre turar, jakt og fiske i elvar og vatn. Om vinteren er det nært både langrenn- og alpint område. Campingplassen ligg tre km. frå Vøringsfossen, 12 km. frå Øvre Eidfjord og 20 km. frå Eidfjord.

Kart