Okt
16

Dyranut Fjellstova ligg på Hardangervidda 1245 m.o.h., rett ved riksveg 7. Her får du panoramautsikt med langstrakte kvite vidder om vinteren og landskap som vekslar mellom vegetasjon og fjellvatn om sommaren.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Some
Tripadvisor

Om

Dyranut Fjellstova har seks rom med til saman 20 sengeplassar. Romma har ulik storleik med plass frå to til fem personar. Fire av dei seks romma har eige bad. Den familiedrivne fjellstova er og ein fin plass å stoppe for ein matbit på køyreturen over Hardangervidda. Kafeen har plass til 60 personar og serverer heimbakst og tradisjonsmat basert på fjellet sine råvarer. Dyranut ligg i løypenettet til DNT og er eit fint område for turar både sommar og vinter.

Kart