Brakanes Hotel

Jul
24

Rett ved fjordkanten i Ulvik ligg Brakanes Hotel idyllisk til og nære attraksjonar og opplevingar i Hardangerfjord regionen. I gangavstand frå hotellet finn du for eksempel frukt- og siderruta med besøksgardar og Olav H. Haugesenteret.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Some
Tripadvisor

Om

Omkransa av fjord, velstelt kulturlandskap, fruktgardar og snødekte fjell, ligg Brakanes Hotel fint til ved fjordkanten i sentrum av Ulvik. Hotellet, som har 143 rom av ulik storleik, har vore gjennom ei rekke renoveringar dei siste åra. 80 rom med fjordutsikt vart pussa opp i 2018, medan suitane og romma i 5. etasje var nye i 2012. Alle romma er røykfrie, mange er allergivenlege, og 4 rom er tilpassa rørslehemma (handicap). Hund er tillate på utvalde rom med direkteutgang til hotellhagen – praktisk for både to- og firbeinte.

Frå restauranten, som har eit sterkt fokus på bruk av lokale og regionale råvarer,  har ein flott utsikt til fjorden. I sesongen trillar dei ferske grønsaker og urter frå andelslandbruket på Undeland rett inn på kjøkenet, og om sommaren kan ein få måltidet servert ute i hotellhagen, der borna kan leika i fjordkanten eller på den flytande trampolina. Her finn du også eit heilt nytt uteområde med boblestamp og badstove med ei heilt utruleg utsikt. Innandørs er det vesle bassenget populært for både små og store – året rundt.

Brakanes Hotel er eit glimrande utgangspunkt for turar til stølsområde og toppar i nærområdet, og mange merka stiar i Ulvik og Osa. Ynskjer du å utforska området, tilbyr hotellet utleige av elektriske syklar. 

I gangavstand frå hotellet finn du Frukt-og siderruta, den einaste i sitt slag der du kan vandra mellom gardane, smaka og handla i gardautsala.

I Ulvik kan du også padla kajakk, besøka Olav H.Haugesenteret og heimen hans, prøva sup-brett, ta turar med sjøfly, stå på vannski og sykla langs fjorden eller til toppen av Osafjellet om du kjenner for det.

Hotellet har ei flott strand, men elles er badestranda i Holmen populær. Der fins også idrettsbane, tennisbane og sandvolleyball. Vinterstid er Ulvik kjent for lysløypa på Drevtjørn og trakka turløype til Solsæ, og vegen er elles kort til dei store skianlegga på Voss.

 

Våren 2015 vart Ulvik Herad godkjent som den fjerde Cittaslow-kommunen i landet, i eit nettverk som framhevar berekraftige samfunn i 25 land verda over. Brakanes Hotel tar del i arbeidet med å ivareta Ulvik sin særeigne karakter, gjennom auka fokus på miljø og lokal produksjon.

Brakanes Hotel og Brakanes Kurs – og konferansesenter er ein del av Fjordtind Hotels.

Velkomen til Brakanes - Eit hotell for alle årstider! 

Generelle fasiliteter
Handikap
Klassifisering
MICE Konferansefasiliteter
Sesong
Skjenkerettigheter
Spesial

Kart