Winter Adrenaline for ekspertar

Sep
22

Ta på deg skia og utforsk freeride-eldoradoet Røldal saman med Trolltunga Active. Denne ferdigpakka vinteropplevinga passar perfekt for erfarne skikøyrarar som søkjer gjeve adrenalin-opplevingar. Pakken, som går frå fredag til søndag, inkluderer også topptur / fjelltur til andre spektakulære fjelltoppar i Hardanger – som Oksen og Melderskin.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Ta på deg skia og utforsk freeride-eldoradoet Røldal saman med Trolltunga Active.

Denne ferdigpakka vinteropplevinga passar perfekt for erfarne skikøyrarar som søkjer gjeve adrenalin-opplevingar. Pakken, som går frå fredag til søndag, inkluderer også topptur / fjelltur til andre spektakulære fjelltoppar i Hardanger – som Oksen og Melderskin. I tillegg inneheld den trerettars middag og tre glas sider frå Hardanger på Trolltunga Hotel. Det er også mogeleg å booka ei sidersmaking med ulike produsentar. Dette kostar 400 kroner og har ei aldersgrense på 18 år.

Program:

Torsdag: Ankomst. Overnatting er ikkje inkludert i pakken, men det er mogleg å booka hjå partnarhotellet Trolltunga Hotel. Odda og området rundt Røldal har også ei rekke andre overnattingsstader tilgjengeleg for booking.

Fredag: Freeride / frikøyring i dei makalause Røldals-fjella med guide. Du må ha med eigne ski eller snowboard, men det er mogleg å leiga utstyr for dei som ynskjer det.

Laurdag: Guida dagstur på truger til Oksen, Melderskin eller andre spektakulære fjelltoppar i Hardanger. Ein får låna truger av Trolltunga Active, men dersom du ynskjer å bruka eigne ski, kan du det. På kvelden er det servering av trerettars middag og tre glas lokalprodusert sider frå Hardanger på Trolltunga Hotel.

Pakken som kostar 4.390 NOK, er tilgjengeleg i tidsrommet 29.01 – 30.04 og inkluderer fylgjande:

* Truger og stavar
* Lunsj på førespurnad
* Middag og 3 glas sider frå Hardanger
* Guide
* Utstyr for snøskred

Pakken har ei aldersgrense på 15 år, men passar best for personar i aldersgruppa 25 – 45 i god fysisk form og omfattande skierfaring. Dette er ein til dels krevjande tur og passar ikkje for personar med kneskadar og/eller andre skadar.

For meir informasjon, sjå Trolltunga Active sine heimesider.

Klassifisering

Kart