Vøringsfossen

Opplev Vøringsfossen - den mest kjende i heile Noreg!

Booking

Om

Sjå store vassmengder stupa ned i Måbødalen frå spektakulære utsiktspunkt ved Fossli Hotel, eller gå over sjølve fossen frå den nye trappebrua. 

Noregs mest kjende foss. Sjå store vassmengder stupa 182 m frå Hardangerviddaplatået ned i Måbødalen. Spektakulære utsiktspunkt ved Fossli Hotel om lag 1 km frå rv 7 Nasjonal Turistveg Hardangervidda. På grunn av Sima Kraftverk er fossen regulert. Nasjonale turistveger starta arbeidet med anlegget på Vøringsfossen hausten 2015, og alle utsiktsplattformane ved Fossli Hotel er no ferdige. Trappebrua over elva vart opna i august 2020.

Det er også mogeleg å gå inn til foten av Vøringsfossen. Meir informasjon om turen finn du her.

Fossen er delvis eller heilt frosen på vinterstid. Når det er store snømengder, er det ikkje trygt å ferdast ute på utsiktspunkta ved Fossli Hotel. Dette på grunn av at sikkerheitsgjerda kan vera nedsnødd.

Sesong:
​​​​Ver oppmerksam på at Vøringsfossen er oppe i fjellet, 700 moh. På våren og hausten må du passe på å ha på varme og vanntette sko og klede, då det kan vere snø og tøffe verforhold ved fossen. Parkering og toalettanlegg ved Fossli er tilgjengeleg 01.04.–31.10. med forbehold om små/normale snømengder, kan opnast seinare og / eller stenge tidlegare på grunn av snø, is og værforhold. Ved ferdsel på utsiktspunkta, må det til einkvar tid takast hensyn til vêr og føreforhold.

Er du i Eidfjord utan bil? Leig ein bil hjå Eidfjord Autorent

Sesong

Kart