Våhaug - Vatnasetenuten

Jan
28

Rundtur om Våhaug og Vatnasetenuten med flott utsikt i alle himmelretningar.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Startpunkt

4,1 km nord for Herand kai tek du av mot aust frå veg 550, på ein skogsbilveg litt sør for det høgste punktet på vegen (Åsleite). Det står ei infotavle der. Etter ca. 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Ved enden av vegen er det god parkeringsplass (Våhaug). Parkering på eige ansvar.

Om turen

Det er ei infotavle ved parkeringsplassen. Gå ca. 50 m til ei bru, der det er skilta til Vatnasetenuten og Tostøl. Denne turen er ein rundtur og er omtalt å gå først i retning Tostøl, men vanskegraden er svært lik om du vel å gå motsett veg. Gå over brua i retning Tostøl. Stien er forholdsvis lett å gå, men med ein del små kneiker. På blaute parti er det er lagt steinar til å trø på. Etter ca.1 time kjem du øvst i Saurdalen, til eit stikryss med skilting til Vatnasetenuten og Tostøl. Gå mot Vatnasetenuten. Etter nokre kneiker kjem du opp på eit høgdedrag og har god utsikt i alle retningar. Følg dette høgdedraget mot nord heilt opp til Vatnasetenuten. Det er flott utsikt frå toppen. Turen vidare ned til Våhaug er bratt i starten, men elles er det lett å gå.

Sesong for denne turen er hovusakleg mellom mai og oktober/november, men du kan og ta turen på ski om vinteren. Då blir turen ein del lengre og krevjande, då vegen opp til Våhaug ikkje blir brøytt og du må difor gå frå hovudvegen. 

Parkering: Våhaug
Parkeringsavgift: gratis, men det er vegavgift for å køyre til parkeringa
Lengde: 8,9 km
Total gangtid: 4 timar​​​
Sesong: mai - oktober/november 
Vanskegrad/gradering: Raud, krevjande 

Gradering

Kart