Utstilling «Det er her me bur» - Hardanger Akvasenter

Utstilling «Det er her me bur» - Hardanger Akvasenter

Besøk Hardanger Akvasenter sitt moderne visningssenter for akvakultur, som ligg i Øystese, i same bygg som Hardangerbadet. Her lærer du mykje spennande om lakseoppdrett i Hardangerfjorden.

Booking

Om

I Øystese sentrum kan du besøke Hardanger Akvasenter sitt moderne visningssenter for akvakultur. Utstillinga «Det er her me bur» er i same bygning som Hardangerbadet, og opna i mars 2020. Gjennom interaktive installasjonar lærer du om betydninga Hardangerfjorden har hatt for livsgrunnlaget i regionen. Du får svar på kva som gjer det gunstig å produsere matfisk i Hardanger, og innblikk i moderne lakseproduksjon. Utstillinga viser og livssyklusen til laksen.

Omvising kan bestillast, varigheita er ca. 45 min og billetten kostar kr 100 for vaksne og kr 50 for barn. Dersom det ikkje er bestilte visningar er utstillinga open for gjestar som vil sjå seg rundt på eiga hand. Det er gratis å besøke utstillinga!

Sesong

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
Utsilling, guida tur - per barn
50,00
Utsilling, guida tur - per vaksen
100,00
Utstilling utan guide
*Pris frå