Utne-Setehaug-Fossdal-Demmena

Aug
01

Utne: Utne-Setehaug-Fossdal-Demmena Startpunkt: Utne Hotel Endepunkt: Demmena Parkering: ved Utne Kyrkje Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Odda, ferje frå Kinsarvik og Kvanndal. Hurtigbåt ...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Mail

Om

Utne: Utne-Setehaug-Fossdal-Demmena

Startpunkt: Utne Hotel

Endepunkt: Demmena

Parkering: ved Utne Kyrkje

Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Odda, ferje frå Kinsarvik og Kvanndal. Hurtigbåt frå Norheimsund i sommarhalvåret.

Merking: det er alt informasjonstavle ved startpunktet ved Utne Hotel

Gradering: Middels krevjande fottur.

Høgdeskilnad: 910 moh.

Tidsbruk: 3 timar.

Gode råd: Kjøp kart med turomtale på Utne Hotel eller på Hardanger Folkemuseum . Bruk gode tursko og ta med mat på turen.

Turomtale: Middels krevjande tur til vatn, først bratt, deretter i flatare terreng fram til dei siste motbakkane. Følg riksvegen frå Utne Hotel til fruktlageret i Sletthagen, vidare på skogsbilveg frå fruktlageret til bratt sti mot Setehaug. Ved vegskilje vest for Setehaug går det vidare i flatare terreng mot Demmena.

Eller følg sti/skogsveg frå Utne Hotel til vegskilje ved skytebane, vidare på bratt sti som kryssar skogsbilvegen på veg mot Setehaug. Alternativt kan ein følgja skogsveg til Bjønndalen og deretter sti mot nordvest til ein kjem inn på løypa mot Setehaug. Frå Setehaug er det merka sti til Fossdal.

Variasjon av denne løypa: Utne-Demmena-Grimsnuten.

Gradering: Krevjande fottur.

Høgdeskilnad: 1233 moh.

Tidsbruk: 4,5 timar.

Gode råd: Kjøp kart med turomtale på Utne Hotel eller på Hardanger Folkemuseum. Bruk gode tursko og ta med mat på turen.

Turomtale: Turomtale: Frå Demmena går det vidare til Grimsnuten.

Kart