Tursti til Skålafjell (Skjethaug)

Okt
16

Stad Rosendal. Turomtale God 3 km grusveg med jamn stigning. Det er fleire vegdele oppover, hald alltid til høgre for å følgja hovudvegen til Skjethaug. Parker ved kyrkja og følg skilting til Sjethaug på Vambaveg...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Stad

Rosendal.

Turomtale

God 3 km grusveg med jamn stigning. Det er fleire vegdele oppover, hald alltid til høgre for å følgja hovudvegen til Skjethaug.

Parker ved kyrkja og følg skilting til Sjethaug på Vambavegen og deretter skilting opp mot Skjethaug.

Frå den fine rasteplassen på Skjethaug kjem ein tett på Rosendal med vidt utsyn til grannebygder, fjell, dalar og fjordlandskap.



Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Rosendal Turgruppe sitt rutekart.



Start- og sluttpunkt

Neslia.



Parkering

Rv 48 frå Rosendal sentrum 2 km mot Løfallstrand. P-plass der skogsvegen tek av frå riksvegen.



Merking

Informasjonstavle ved P-plassen.

Inga merking langs skogsvegen, men nokre skilt er oppsette. Det er fleire vegdele undervegs, hald alltid til høgre for å følgja hovudvegen til Skjethaug.



Gradering

Grøn.

Eigna for barnevogn, sykkel og for motorisert rullestol.



Høgdeskilnad

30 – 290 moh.



Tidsbruk

2 timar t/r.



Gode råd

Raste- og utsiktsplasser undervegs.

Frå Skjethaug kan ein fylgja T-merka sti til stor varde på Navarhaug 501 moh. Herfrå er det T-merka stiar til Vevik, Skålafjell (Navarhaug), Åsvodl, Kjeldestøl, Skåladalen/Ludnabekk, Nordlifjell og Myrdal. Sjå m.a. Rosendal Turgruppe sitt rutekart, og bruk fantasien for å setja saman interessante turar.

Rullestol:
3 km lang grusveg med jamn stigning. Det er låst grind på starten av vegen. Rullestolar kjem gjennom den vesle grinda ved sida av og på god grusveg heilt til toppen. For å komma heilt bort til utsikspunktet på toppen må ein gjennom ei ny grind. Til denne turen treng ein kraftig elektrisk ute-rullestol.

 

Adgang /Tillgang
Avstand
Gradering
Klassifisering
Natur og terreng
Sesong
Varighet

Kart