Tursti til Melderskin - "Dronninga blant Kvinnheradsfjella"

Aug
05

Turen til Melderskin startar frå Rosendal sentrum i Kvinnherad. Turen opp tar ca. 4 timar, og frå den 1426 meter høge toppen har du storslått utsikt over havet, fjorden, fjellandskapet og delar av Folgefonna.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Stad

Rosendal

Turomtale

Frå P-plassen 300 m langs vegen, før stien svingar opp mot Skarshaug.

Stien går først i utmark og blandingsskog. Over tregrensa følgjer stien små rygger og dalar, dei spesielle Rindane. Første toppen, Skarshaug, er halvvegs til Melderskin. Siste stykket opp hit har sherpaer frå Nepal sikra med trapper. Flott utsikt. Dalen mot søraust er Hattebergsdalen, ein viktig innfallsport til Hattebergvassdraget og Folgefonna nasjonalpark. Vidare oppover blir underlaget meir stein og lite vegetasjon. Ei uventa oppleving er moseteppet og det friske kjeldevatnet i Holo. Her ligg ofte snøfonnene heile sommaren.



Varden på det flate topplatået er bygd av Norges geografiske oppmåling i 1913. Storslått utsikt mot havet, fjordar og fjell, og Folgefonna.



Melderskin vert ofte kalla ”Dronninga blant hordalandsfjella”.

Turkart
Turkart Folgefonna nasjonalpark.
Rosendal Turgruppe sitt rutekart.

Start- og sluttpunkt
Kletta.

Parkering
Følg vegskilt "Melderskin" frå Rosendal sentrum  til P-plass ved stoppskilt på Kletta.

Merking
Informasjonsstavle ved P-plassen. Herfrå 300 m langs vegen utan merking, før stien svingar opp mot Skarshaug. T-merka med vardar og skilt.

Gradering
Svart. Noko krevjande, fire støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
160 – 1426 moh.

Tidsbruk
4 timar opp, litt mindre ned.

Gode råd
Ta med ekstra drikke.

Gradering
Natur og terreng
Sesong
Spesial
Varighet

Kart