Tursti til Malmangernuten frå Rosendal

Jul
26

Turen til Malmangernuten, som tar omlag 4 timar totalt, kan startast frå Rosendal Fjordhotel i Rosendal sentrum. Toppen ligg på 890 meter og her har du flott utsyn over Rosendal og nabobygdene samt Hardangerfjorden.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Stad

Rosendal

Turomtale

Frå P-plass ved Rosendal Fjordhotel tvers over riksvegen til skilt og merking langs gangvegen til Skeie der stien startar bratt opp lia. Før tregrensa går stien i utmark og blandingsskog.  Mellom Høyklepp og Hjort har sherpaer frå Nepal bygd trapper for å sikra det bratte området.

Flott utsyn over Rosendal og nabobygdene i grenselandet mellom Sunnhordland og Hardanger, med hav, fjordar, vassdragsnatur og mektige fjellområde.

Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
Rosendal Turgruppe sitt rutekart.

Start- og sluttpunkt
Rosendal Fjordhotel.

Parkering
Øvre P-plass ved Rosendal Fjordhotel.

Merking
Informasjonstavle ved P-plassen.

T-merka med skilt og vardar.

Gradering
Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
0 –  890 moh.

Tidsbruk
4 timar t/r.

Gode råd
Alternativ retur kan vera stien frå Malmangernuten langs ryggen mellom Guddalsdalen og Hattebergsdalen til stidele mot Skeisfjell, derfrå ned Murabotnen til grusvegen ut Hattebergsdalen. Sjå rute Malmangernuten, frå Hattebergsdalen

Gradering
Natur og terreng
Spesial
Varighet

Kart