Stad Sjøstovo ved ferjekaien på Borgundøy Turomtale Frå Sjøstovo gå vegen oppover mot Brekke skule og vegkrysset på høgste punktet. Ta skogsvegen til høgre rett før krysset. Følg denne 300 meter fram til P-plass,...
Stad
Sjøstovo ved ferjekaien på Borgundøy
Turomtale
Frå Sjøstovo gå vegen oppover mot Brekke skule og vegkrysset på høgste punktet. Ta skogsvegen til høgre rett før krysset. Følg denne 300 meter fram til P-plass, og derfrå på god sti til toppen gjennom Storaskar.
Dersom ein vil forlengja turen og gjera den til ein rundtur, kan ein følgja merka sti på ryggen nedover mot nord. Denne stien går ned til flata ved Kattanakken og ut mot utsiktspunkt mot Aske og Aksdal. Vidare på sti og skogsveg ned til Møllesvik, og på skogsveg attende mot Krekjahaugen og ferjekaien/gjestehamna. Møllesvik er ein idyll, og Krekjahaugen er ein av dei flottaste gravhaugane frå folkevandringstid som er funnen i Sunnhordland.