Trolltunga Adventures

Villmarktur på Hardangervidda, med unik oppleving av fjellformasjonen Trolltunga. På denne turen kjem du tett på urørt natur, med god tid til kjenne på roen og å ta inn inntrykka.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Mail
Nettside
Some

Om

Villmarksopplevinga er ein av favoritturane til guidane i Trolltunga Adventures! Blir du med får du nyte vakker natur på Hardangervidda, og den spektakulære fjellformasjonen Trolltunga. Turen varer i tre dagar, og undervegs er det god tid til å kjenne på roen og ta inn dei mange inntrykka. Om du likar å fiske eller fotografere er det gode moglegheiter for dette.

Første dag er det oppmøte på avtalt stad kl. 08.00. Turen går i Ringedalsområdet, med fantastisk utsikt over det klare Ringedalsvatnet. På ettermiddagen kjem du til leirplassen, der Trolltunga Adventures ordnar til og serverer middag. Du kan slappe av og nyte dei vakre omgjevnadane. Om kvelden er det leirliv ved eit varmt og stemningsfullt bål.

På dag to fortset turen vidare til området rundt Trolltunga. Dagens leir blir med utsikt over Ringedalsvatnet, og du får oppleve Trolltunga ved solnedgang og soloppgang. Dette er ei unik oppleving av det spektakulære utsiktspunktet.

Tredje dagen går du den klassiske Trolltungastien tilbake til startpunktet. Turen avsluttast mellom kl. 14:00- 15.00, avhengig av tidsbruken undervegs.

Trolltunga Adventures står for alt utstyr og mat. Alt du treng å ta med er varme kle, ryggsekk og litt tursnacks.

Villmarksopplevinga er berre på bestilling, og for minimum tre deltakarar.
Det er lett å reise til Odda med offentleg transport både frå Bergen, Oslo, Stavanger og Haugesund.
 

Kart