Steinstølia, Steinstø-Bjørke

Okt
21

Turen frå Steinstø til Bjørke ligg i Fyksesund landskapspark, eit område med fleire turalternativ og eige turkart. Høgdeforskjellen Frå Steinstø til Bjørke er ca. 300 m og turen tek omlag 2 t t/r. Startpunkt er kaia p...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Turen frå Steinstø til Bjørke ligg i Fyksesund landskapspark, eit område med fleire turalternativ og eige turkart. Høgdeforskjellen Frå Steinstø til Bjørke er ca. 300 m og turen tek omlag 2 t t/r. Startpunkt er kaia på Steinstø, dette er lett tilgjengeleg både med privatbil og offentleg transport. Distansen på turen er ikkje lang (ca. 1,5 km) men noko bratt. Ruta føl den gamle stølsvegen frå Steinstøgardane til Bjørke. Først følgjer ein traktorveg som går gjennom Steinstø Fruktgard, ein av dei største fruktgardane i området. Den godt merka stien går vidare gjennom eit skogområde der det er laga til rasteplass/utsiktsplass. Den siste delen av turen er gjennom velstelt kulturlandskap. På Bjørke (300 moh) er det fantastisk utsikt over Hardangerfjorden mot isbreen Folgefonna.

Gradering
Natur og terreng
Sesong
Spesial
Varighet

Kart