Nov
27

Steinparken ligg sentralt i Rosendal og er eit av besøksmåla til Folgefonna Nasjonalpark. I parken er det ei samling av forskjellige steinarter frå regionen og utstillingar med prehistorisk tema.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Mail
Nettside

Om

Steinparken, eit av besøksmåla til Folgefonna Nasjonalpark, er fin for store og små. Mellom steinblokker, bearbeida av skulptøren Bård Breivik og steinhoggaren Rolf Karlsen, er det rasteplassar, vasshjul og segledammar. Her er forteljingar om livet på jorda, klimaendringar og fossilar. 

Parken ligg sentralt i Rosendal og er heilårsopen. Gratis inngang!

I Steinparken finn du og det nye, flotte Dinosaurhuset. Her kan du sjå ekte våpen og reiskap etter dei første menneska ved Hardangerfjorden.
Visste du at fuglane er etterkomarar av dinosaurar? Her kan du lære å kjenna att meir enn 20 ulike fuglesongar. Sjå heimeside for pris og opningstider til Dinosaurhuset.

Klassifisering

Kart