Osa - Ossete

Parkering: ved Hjadlane galleri   Grad: Krevjande   Turen startar frå garden på Haugen, vis omsyn då ein går gjennom eit bebudd tun, og fortsetter innover Norddalen. Det er fin veg og sti inn ...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Parkering: ved Hjadlane galleri

 

Grad: Krevjande

 

Turen startar frå garden på Haugen, vis omsyn då ein går gjennom eit bebudd tun, og fortsetter innover Norddalen.

Det er fin veg og sti inn gjennom Nordalen. Her er og mange ulike planteslag å studera for dei som er interesserte i botanikk. Og på flaten rett etter Haugen kan ein sjå Solskinnstjørni, her er det kun vatn i godversperiodar, mens det er tørt i styggever. Ein finn og koldeholer i ura like ved. – Sjå meir informasjon på staden.

Norddalen er frodig, og det går sauer å beitar på forsommaren og om hausten, husk derfor å lata at alle grinder. Hundar skal alltid haldast i band.

Etter ein har kryssa bru nr.2 kjem ein til Osaflorane, her er det ei grøn slette på kvar side av vegen med flotte murar. Venelaget for slepa mellom Osa-Hallingskeid har sett opp eit grindbygg med bord og benker her, og inne i grindabygget finn ein informasjon om den Historiske vandreruta – Hallingskeidvegen, som blei opna i august 2020. Her er det flott å sitja og rasta før ein startar på vegen vidare.

No byrjar oppstigninga, og etter kvart kjem ein til trappena som sherparane frå Nepal har laga.

Hausten 2019 gjekk det eit veldig ras over trassen her, og me anbefallar ikkje å gå turen i regnver eller rett etter nedbørsperiodar. OBS! Traséen er lagt om i raset, fylj merkinga på staden.

Ved fossen frå Herbergselva byrjar stigninga for alvor. Her heiter det galden, og du skjønar namnet etter ei stund! Når du har nådd toppen etter vel ein time, flatar det ut, og det er fint å gå innover til Ossete. Du må rekna halvannan til to timar opp.

Frå Ossete kan ein fortsetja turen til Hallingskeid, meir info på ut.no

Turen inn til Osaflorane høver godt til born.


 

Kart