Norheimsund RIB Seafari

Få nærkontakt med Hardangerfjorden, buldrande fossar og stupbratte fjellsider med Norheimsund RIB Seafari. Fleire daglege avgangar i sesong frå Norheimsund, Hardanger.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Norheimsund RIB Seafari tek deg rett inn i hjarta av Hardanger. Om bord i den komfortable, opne RIB-båt får du nærkontakt med dette verdskjende fjordområdet med fossar forma av erosjon og smeltande is for tusenvis av år sidan.

Etter å ha kryssa den majestetiske Hardangerfjorden, tek fartøyet deg opp det ti kilometer lange og tronge Fyksesundet til Botnen. Ei veglaus grend, avsides, endå til etter norsk standard.

Tusen meter høge fjell stuper direkte i sjøen. Fyksesundet med fossar og stupbratte fjellsider gløymer du ikkje.

Rute: Norheimsund-Aksnesholmane-Herand-Fyksesund-Botnagrend-Kvamsøy-Norheimsund.
Avgang: frå Norheimsund Gjestehamn, 150 meter frå bussterminalen.  
Varigheit: 90 minutt i båten pluss draktskift og briefing.
Oppmøte: 15 minutt før avgang for draktskift og briefing.
Alder: 4 år og oppover. Høg alder ingen hindring. Turen er ikkje eigna for personar med rygg- eller nakkeskadar.

Korrespondanse frå Bergen: Rutebuss nummer 925 frå terminal O, Bergen Busstasjon.

Kart