Denne 1-3 timar lange turen inneheld det beste Ulvik har å by på; Frukt- og siderruta, panoramautsikt over bygda og eit unikt utsiktspunkt over Osafjorden. Denne lette turen passar dei aller fleste.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Denne familievennlege turen ved Frukt- og siderruta byr på nokre av dei flottaste utsiktene over Ulvik og Osafjorden. Stien går til kanten av Jobykse, der du får ei unik panoramautsikt over fjell og fjord. Om man startar frå Tunheim ved frukt- og siderruta, tek rundturen ein time. Ved start frå Ulvik sentrum, er turen 9 kilometer lang og tek 3 timar. Total stigning er 300 meter og stien er godt merka heile vegen. 

 

Anvising: Følg skilta til Frukt- og siderruta. Ta til venstre på grusvegen opp mot Jonstøl og Jobykse/Liavegen. Føl dei grøne skilta mot Jobykse og Liavegen heile vegen rundt. For dei som ynskjer ein lengre tur, kan turen kombinerast med Åsen Rundt på andre sida av vegen.