Aug
04

Låtefoss i Oddadalen har ei fallhøgde på 165 meter og har vore eit ynda reisemål heilt sida 1800-talet. Han er lett tilgjengeleg - rett ved hovudvegen 13 mellom Odda og Røldal.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Some

Om

Låtefossen er hovudattraksjonen i Oddadalen, også kjend som "Fossanes Dal". Tvillingfossen Låtefoss var eit ynda reisemål alt på 1800-talet. Fossen, med fallhøgde på 165 m, er lett tilgjengeleg ved Rv 13. Vatnet dusjer vegen og naturen rundt, før det renn vidare under den gamle steinkvelvbrua. Vassdraget den renn frå og ut i, er Opovassdraget. Opo, Storelvi, eller øvre Opo, renn gjennom Oddadalen, og kalla "Fossenes dal". I den ca. 10 km lange dalen finn ein heile sju fossefall.

Låtefoss bru stod ferdig i 1859. Utover på 1900-talet blei bilane fleire og større, og Låtefoss bru heldt ikkje lenger mål. Kring midten av 1940-åra blei brua difor utvida med om lag 2 meter ut mot Storelva, slik at totalbreidda kom opp i over 6 meter og den asfalterte køyrebreidda blei 5,5 meter. Den delen som turistane ser og fotograferer i dag, blei bygd som ei vegutviding for kring 50 år sidan. Ikkje i 1859/1860 slik mange trur.



50-60 meter sør for brua går ein flott chausséveg oppover fjellsida på austsida av vegen. Den endar ved eit utsynspunkt lenger oppe ved fossen, der vi også finn ruinane etter den gamle utsiktskafeen som vegen var bygd til. Turistar kom frå fjern og nær, frå innland og utland, og hadde Låtefoss som eit av sine mål. Frå Odda blei dei frakta i karjol inn til fossen, fekk tatt seg ei forfrisking ved kafeen medan dei beundra fossen, og sidan køyrde ned igjen til båten eller hotellet i Odda.

Generelle fasiliteter
Gradering
Natur og terreng

Kart