Aug
05

Den freda kraftstasjonen i Tyssedal ligg nede ved fjorden og er eit mektig monument over vasskraft- og industrieventyret som starta tidleg på 1900-talet. Eit besøk hjå Kraftmuseet gjev deg innblikk i kva som hende då ...

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Some
Tripadvisor

Om

Den freda kraftstasjonen i Tyssedal ligg nede ved fjorden og er eit mektig monument over vasskraft- og industrieventyret som starta tidleg på 1900-talet. Eit besøk hjå Kraftmuseet gjev deg innblikk i kva som hende då Norge gjekk frå bondesamfunn til industrisamfunn. Museet fortel levande om rallarliv og ingeniørkunst, arkitektur og korleis det vaks fram moderne byar midt i vakker vestlandsnatur.

Kraftmuseet er ein kjekk stad for heile familien, med ulike aktivitetar for born. Rebus blant turbinane, installasjonar der ein kan laga ekte elektrisitet.

Film og omvising
Besøket startar med den fengslande filmen «Industrieventyret», før verten tek deg med på omvising utanfor og inni katedralen av ein kraftstasjon i Tyssedal.

Filmen startar klokka 11, 13 og 15.

Fri vandring
Du kan vandra fritt i kraftstasjonen, studera det legendariske kontrollrommet med marmortavler og sjå på utstillingane. Utstillinga Norsk vasskraft drar deg gjennom heile den norske vasskrafthistoria - frå pionertid til kraftsosialisme og monstermaster i Hardanger. 

Museumskafé
I museumkafeen får du handverkskaffi og små rettar. Lokalmat og drikke. Vi serverer sider frå Hardanger.

Museumsbutikk
I butikken finn du bøker, gåveartiklar, designvarer og eit utval drikkekoppar, termosar og flasker.

Parkering​​​​​
Når du kjem til museet, finn du enkelt parkering. Resepsjonen ligg i sjølve kraftstasjonen, og det er der du møter vertskapet.

Hardanger og Voss Museum, Folgefonnsenteret, Kraftmuseet og Olav. H. Hauge-senteret tilbyr felles sommarpass. Kjøper du dette passet, betalar du full pris den fyrste staden og får 50 prosent rabatt hjå dei andre som er med i samarbeidet.

Generelle fasiliteter
MICE Konferansefasiliteter

Kart