Hardangerbrua

Jul
29

Hardangerbrua, som bind saman sørsida (ved Bu) og nordsida (ved Vallavik) av Hardangerfjorden er ei av dei ti lengste hengebruene i verda. Du kan kryssa brua gåande eller syklande, på eigen gang- og sykkel felt. Ved Bu er det parkeringsplass og eit fint utsiktspunkt.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Den 1380 meter lange Hardangerbrua er blant dei ti lengste hengebruene i verda. På Bu (sørsida av brua) er det parkering, rasteplass, wc, og utsiktspunkt til Hardangerbrua. I Vallavik (nordsida av brua) er det også parkering og utsiktspunkt til brua.



Du kan gå eller sykle ein lett tur over brua og nyte fantastisk utsikt til fjordlandskapet og sjølve brukonstruksjonen: Hovudspennet er 1380 meter langt. Brutårna er 202 meter høge. Seglingshøgda under brua er 55 meter. Dette er ein fin tur også for alle hjulbrukarar. Men dei må vera merksame på at det er litt stigning til og frå parkeringsplassane til brua, særleg ved Bu.



Det er ofte trekk på brua, som gjer det svalt om sommaren. Men vår og haust bør ein ha varme klede på seg. Vinterstid kan det vara is på underlaget.



Det er gratis passering for gåande, syklande, moped og motorsykkel over brua. 



Kart