Guida tur i vasstunnel - B-Active

Okt
19

Spanande tur djupt inn i vasstunellane i Osa. Bli med B-Active inn i fjellet og høyr historia om det gamle og etterlatte vasskraftverket.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

I den avsidesliggande fjordarmen Osa var det tidlegare planlagt å byggje vasskraftverk. Prosjektet vart aldri fullført, men i fjellet er det laga store tunnelar som tar deg langt og djupt innover. På den guida turen får du høyre den fasinerande historia om dette aude og etterlatne industrieventyret. Dei 100 år gamle tunellane har fleire ulike sjakter og tunnelar, alle med ulike nivå, som du kan gå inn i. Inkludert er og eit besøk i den historiske kafeen plassert inne i tunnelane, der du får servert kaffi og pannekaker.

Tunnellen er i dag privateigd, så dette kan berre opplevast i fylgje med guide. Turen varar maks 1.5 time og høver for alle aldrar. Inkludert i prisen får du med hjelm og fakkel som B-Active tar med før du går. Ta med varme, vind- og vasstette kle og vasstette sko.

Aktiviteter
Generelle fasiliteter
Gradering
Sesong