Gausvik - Grønrimb

Gausvik - Grønrimb

Fottur frå Gausvika til Grønrimb med fjordutsikt.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Startpunkt

Følg vegen sørover frå Jondal sentrum. Etter ca. 5,5 km kjem du til ei rundkøyring. Ta første veg til høgre i rundkøyringa, og køyr 13,1 km til Gausvik. Her er det infotavle og turskilt mot Grønrimb på venstre sida av vegen. Har du bil, parkerer du på andre sida av hovudvegen, ved avkjørsle til eit sagbruk. (Du må ikkje hindra tilkomst til drivstofftank som står der). Parkering på eige ansvar.

Om turen

Frå Gausvik går turen først på umerka traktorveg ca. 2 km. Du går vidare på skogsti. Seinare er terrenget meir ope og litt myrlendt, og etterkvart er det fin utsikt over fjorden. På høgste punktet på turen kjem du til eit stikryss. Her er det skilta Grønrimb og Hammaren. Du går møt Grønrimb og etter kort tid er du på stølen Grønrimb. Frå Grønrimb er det fire andre ruter ned att til hovudvegen. Det er også umerka sti austover mot Daurmålsdalen.



Parkering: Sjå "startpunkt"

Parkeringsavgift: gratis

Lengde: 4,5 km

Total gangtid: 5 timar

Sesong: mai - november 

Vanskegrad/gradering: blå, middels 

Avstand
Gradering
Sesong
Varighet

Kart