Fossar i Hardanger

Aug
05

På køyretur i Hardanger kan du oppleve mange fantastiske fossefall. Dei tre mest kjende er Vøringsfossen i Eidfjord (Rv 7), Steinsdalsfossen i Norheimsund (Rv 7) og Låtefoss i Odda (Rv 13). VØRINGSFOSSEN Noregs mest ...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

På køyretur i Hardanger kan du oppleve mange fantastiske fossefall. Dei tre mest kjende er Vøringsfossen i Eidfjord (Rv 7), Steinsdalsfossen i Norheimsund (Rv 7) og Låtefoss i Odda (Rv 13).



VØRINGSFOSSEN

Noregs mest kjende foss. Sjå store vassmengder stupe 182 m frå Hardangerviddaplatået ned i Måbødalen. Godt utsiktspunkt ved Fossli Hotel like ved Rv 7. Hotellet har ope ca. 20.05-15.09. På grunn av Sima Kraftverk er fossen regulert. Den har ei vassføring på 12m3 per sekund i perioden 01.06-15.09. Sti til foten av Vøringsfossen 1,5 t t/r. Parkering ved øverste opning av Måbøtunellen ved Rv 7. Nasjonale turistveger starta arbeidet med anlegget på Vøringsfossen hausten 2015. Første trinn skal vere ferdig i 2017 og heile prosjektet ferdigstilt i 2020.



STEINSDALSFOSSEN

Ein av Noregs mest besøkte fossar. Steinsdalsfossen har eit fall på 50 m og er spesiell fordi du kan gå på baksida utan å verte våt. Fossen oppstod i 1699 som følgje av at elva endra løp. Det går sti frå parkeringsplassen og opp under fossen, ein fin liten spasertur. Langs Nasjonal turistveg Hardanger.



LÅTEFOSS

Tvillingfossen Låtefoss var eit ynda reisemål alt på 1800-talet. Fossen, med fallhøgde på 165 m, er lett tilgjengeleg ved Rv 13. Lyssett på kveldstid.



​​​​​​FUREBERGSFOSSEN

Furebergsfossen ligg langs Rv 551 mellom Årsnes og Sunndal, ved munningen av Maurangerfjorden som er ein arm av Hardangerfjorden. Det mektige fossefallet føl tett på fjellsida og har eit fritt fall på 20 m. Du kjem tett på vasskreftene ettersom bilvegen går rett over nedre del av fossen.

Kart