Folgefonna nasjonalpark

Nov
27

Folgefonna nasjonalpark vart etablert i 2005 og er ein av 42 nasjonalparkar i Noreg. Kjernen i nasjonalparken er isbreen Folgefonna som er den sørlegaste og tredje største isbreen i landet. I og rundt nasjonalparken e...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Folgefonna nasjonalpark vart etablert i 2005 og er ein av 42 nasjonalparkar i Noreg. Kjernen i nasjonalparken er isbreen Folgefonna som er den sørlegaste og tredje største isbreen i landet. I og rundt nasjonalparken er det tilrettelagt for mange spennande friluftsaktivitetar. Bli med Folgefonni breførarlag på trugetur, brevandring, isklatring eller Folgefonna på langs på ski frå mai (overnattingstur) www.folgefonni-breforarlag.no. Sommarskisenteret FONNA Glacier Ski Resort ligg på Folgefonna og har tilrettelagt for m.a. alpint, snowboard og lannrenn www.visitfonna.no. FlatEarth Adventures har breføring på Buerbreen, ein arm av Folgefonna ned mot Sandvinsvatnet i Odda www.flatearth.no. Det er fire DNT hytter i nasjonalparken- Fonnabu, Holmaskjer, Breidablikk og Sauarbrehytta. Nasjonalparken grensar til kommunane Odda, Jondal, Ullensvang, Kvinnherad og Etne.

Meir informasjon om Folgefonna nasjonalpark.

Kart