Fjordxperience

Okt
16

Nyt grøne lier, blømande frukthagar, snøkledde fjell og isbreen Folgefonna saman med Fjordxperience og deira trebåt «Himinglæva». Daglege båtturar til perla Kvamsøy i Hardanger.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Opplev Hardangerfjorden saman med Fjordxperience. Dei tilbyd daglege båtturar til perla Kvamsøy, like utanfor Øystese. Båten, som går under namnet «Himinglæva», er ein open trebåt bygd i Hardanger på 1850-talet. I seinare år har den vorte restaurert og er på ny klar for vatn under kjølen, denne gongen som passasjerbåt.

Ein tur med Fjordxperience og Himinglæva er perfekt for dei som vil koma tett på fjorden i rolege omgjevnader. Gangfarten på om lag sju knop gjev ideelle forhold for å nyta eit frodig landskap med grøne lier, blømande frukthagar, snøkledde fjell og isbreen Folgefonna. Legg til litt ferskpressa eplemost i glaset, så er denne turen eit ekte stykke Noreg.

Fjordxperience er også tilgjengeleg for bryllaupsfotografering, utdrikkingslag eller andre private arrangement for opptil tolv passasjerar. 

Klassifisering

Kart