Havkajakk på fjorden – Best Adventures

Aug
04

Opplev Hardangerfjorden ved å bevega deg stille over vatnet. Best Adventures tar deg med på tur med havkajakk, og det er fleire turopplegg å velje mellom.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Some
Tripadvisor

Om

Det er ei oppleving å bevege seg stille på Hardangerfjorden med vidt utsyn over fjord og fjell. Best Adventures tar deg med på tur med havkajakk, og det er fleire turopplegg å velje mellom.

Den klassiske 3 timars turen er mest populær. Alle turane startar frå Eidfjord sentrum og går inn Simadalsfjorden, ein smal fjordarm omkransa av bratte fjellsider. Her får du ei uforstyrra fjordoppleving i ein del av Hardangerfjorden som er lite trafikkert. På den guida 3 timars turen får du god tid til å nyte natur og dyreliv, og det er godt mogleg at du ser nise, sel og kanskje havørn!

Dei guida turane til Best Adventures passar både for dei med lite eller mykje kajakkerfaring, instruktørane viser deltakarane padleteknikk, og tilpassar turen til nivået.

Om ynskjeleg kan du og bli med på halvdagstur med utelunsj. På denne turen er padleruta lik som den klassiske 3 timars turen, men i tillegg er det lagt inn strandhogg med lunsj på ei lita idyllisk strand. Du kan og bli med på heildagstur med utelunsj. Padleruta er då ei utviding av den klassiske 3 timars turen, og midt på dagen er det stopp på ein avsidesliggande plass utan vegforbinding.

Nedre aldersgrense på dei tre turalternativa er 10 år, og sesongen er frå midten av mai til ut september.

Best Adventures tilbyr og tidleg vårtur med havkajakk. Dette er på eit tidspunkt då fjelltoppane framleis er snødekte, og det er store kontrastar i landskapet. Nedre aldersgrense er 15 år, og tilbodet er tilgjengeleg frå starten av april til midten av mai.

Du kan og leige havkajakkar for ein eller fleire dagar. Dette er berre for erfarne og sertifiserte kajakkpadlarar, og nedre aldersgrense er 18 år.

Klassifisering

Kart