Fjord- og landskapssafari med RIB båt - Hardangerfjord Adventure

Nov
27

Opplev fjorden, stupbratte fjellsider, fossar og skjulte perler på Hardangerfjord Adventure sin guida fjord- og landskapssafari med RIB. Daglege avgangar frå Øystese i Hardanger.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Kom tett på Hardangerfjorden og skjulte perler saman med Hardangerfjord Adventure! Deira fjord- og landskapssafari med RIB tek deg til stadar i Hardanger som kun er tilgjengeleg med båt. På turen, som tek 2,5 timar og har avreise frå Øystese, kjem du med andre ord tett på den eine naturperla etter den andre.

RIB-turen med Hardangerfjord Adventure går via den gamle handelsstaden Herandsholmen på sørsida av fjorden, før dei går inn mellom dei stupbratte fjellsidene i Fyksesund og til den veglause grenda Botnen. Her går båten i land – slik at du får oppleva blant dei mest autentiske og verneverdige kulturlandskapa i Hardanger-regionen på nært hald. Dei røynde guidane til Hardangerfjord Adventure syrgjer for å fôra deg med informasjon om grenda frå 1800-talet.

Returen går via Kvamsøy, som er blant dei mest nytta og attraktive øyane i Hardangerfjorden. Båten stoppar tett opptil land fleire stader for å oppleva naturen og livet langs fjorden. Eit godt tips er å ha fotoapparatet lett tilgjengeleg!

Hardangerfjord Adventure tilbyr også gruppeturar frå andre stader i regionen mot nærmare avtale.

Kart