Fjord Kajakk – Folgefonni Breførarlag

Aug
04

Bli med på kajakktur på Hardangerfjorden. Frå kajakk får du ei fantastisk oppleving av fjordlandskapet. Denne turen passar og for deg som ikkje har padla kajakk før.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Bli med på kajakktur på Hardangerfjorden! Denne turen er og for deg som ikkje har padla kajakk før.

Startpunkt er Folgefonni Breførarlag sitt senter Juklafjord. Juklafjord ligg sentralt i landsbyen Jondal, eit kort steinkast frå fjordkanten. Frå juli til oktober er dette eit dagleg tilbod, og turen varar mellom 3-4 t. Sjølve fjordopplevinga startar etter at du har fått ein introduksjon og utstyret er justert. På fjorden er det innføring i grunnleggjande padleteknikk, korleis kontrollere ein kajakk, og kva du skal gjere dersom du veltar. Når deltakarane kjenner seg klar vil guiden starte padleturen til eit passande mål, avhengig av bølger og vêr. Eit passande turmål er gjerne «Jonaneset». Frå kajakk får du ei fantastisk oppleving av fjordlandskapet!

Nedre aldersgrense er 12 år. Folgefonni Breførarlag har alt nødvendig kajakkutstyr. Turen er enkel, men om du ikkje har padla før kan det ta litt tid å bli trygg. Ofte går den første halvtimen med til dette. Du vert gjerne våt undervegs, ta derfor på kle som held deg varm, gjerne ull. Det er og lurt å ta handkle og klesskifte til etter. På Juklafjord er det mogleg å ta ein dusj.

Kart