Fottur langs ein gamal buføringsveg i bratt - men variert - terreng og flott utsikt.
Startpunkt
Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Ca. 1 km etter passering Espeland, er det på høgre side ein parkeringsplass med plass til 3-4 bilar, og ei informasjonstavle om turen.
Om turen
Dette er den gamle buføringsvegen til Byrkjesete og seinare til Espelandsgryting. Turen går opp Espelandslie til Liastøl, ei open slette som vart brukt som mjølkeplass i gamal tid. Vidare oppover langs ein traktorveg/skogsveg, der den sluttar ved Longemyrane, i skogsterreng og litt bratt oppover til ein utsiktsplass (Framtunutsikten), der du ser ned mot Nedre Krossdalen.