Elvedalen på Lofthus

Aug
01

Elvedalen rundt. Dramatisk natur lett tilgjengeleg.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Elvedalen rundt. Dramatisk natur lett tilgjengeleg.

Startpunkt: Turen inn i Elvedalen kan kombinerast med andre turar, men her tek me utgangspunkt i startpunkt ved brua.

Endepunkt: Rundtur, totalt ca 3,5 km

Parkering: Ved idrettsplassen på Hordatun, eller ved barnehagen.

Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Odda, Eidfjord, Geilo, Voss stoppar rett ved ved daglegvarebutikken på Lofthus. Hurtigbåt i sommarsesongen frå Norheimsund (busskorrespondanse til/frå Bergen) stoppar også her, og då er det ca 2 km å gå til brua der turen startar.

Gradering: Turen er merka som enkel (grønn).
Turlengd: ca 3,5 km rundt.
Høgdeskilnad: 100 meter.
Tidsbruk: 1-2 timar rundt

Gode råd: Det er delvis bratt, men syklar kan ta denne rundturen, sidan vegen er gruslagt. Ved vått ver kan det vera gjørmete nokre stader. Vis respekt for elva, gå ikkje for nær, og gå ikkje utanom merka sti.

Turomtale: Start ved brua, og gå oppover på sørsida av elva. Det er litt bratt den første kilometeren. Så flatar vegen ut og ein går gjennom eit lite kulturlanskap. I enden av dette, på venstre hand, er det ein stein med gamle offergroper og informasjon om desse. Etter ca 1,5 km frå start er det ei bru som kryssar elva, og ein fortset på andra sida av elva nedover tilbake mot startpunktet. Ein kjem ganske tett på dei to imponerande fossane frå denne turen. Eventuelt kan ein starta turen på nordsida av elva og gå rett fram, forbi barnehagen og innover i dalen.

Variasjon av denne løypa: Det er mogeleg å kombinera denne turen med anndre turar, som td Fruktstien, eller Hovden rundt. Total gangtid på heile Fruktstien og Elvedalen rundt er ca 3 timar. Hovden rundt og Elvedalen rundt i kombinasjon er ca 3-5 timar.​​​​

Kart