Breidsete - Freddal

Jan
28

Enkel fottur mellom stølar og vatn.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Startpunkt

Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 2,6 km ta til høgre rett før brua på Byrkjeland. Etter ca. 300 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Etter ca. 1,5 km kjem du til ei bru med ei grind. Hugs å lukke grinda etter deg viss ho var lukka. Her er det inntak for Stølsdalselva kraftverk på Byrkjeland, som vart sett i drift i 2009. Bilvegen går 2,2 km vidare til stølen Breidsete. Der er det ei infotavle, og god parkeringsplass. Parkering på eige ansvar. Breidsete er start- eller endepunkt for fleire andre turar.

Om turen
Gå over stølsflaten på Breidsete og over ei bru. Her er det skilta Freddal og Hestadalen. Du går mot Freddal i god og lett sti til Nipevatnet og langs vatnet til stølen Freddal. Stølen ligg på ei lita høgd mellom Nipevatnet og Freddalsvatnet.

Parkering: Sjå "startpunkt"
Parkeringsavgift: gratis, men det er ei avgift for å køyre til parkeringa. 
Lengde: 2,4km
Total gangtid: 2-3 timar 
Sesong: Mai - november 
Vanskegrad/gradering: Grøn, enkel 

Gradering

Kart