Basic Fjordsafari med RIB båt - Hardangerfjord Adventure

Okt
16

Opplev fjorden, stupbratte fjellsider, fossar og skjulte perler på ein RIB-safari med Hardangerfjord Adventure. Daglege avgangar frå Øystese i Hardanger.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Opplev den makelause Hardangerfjorden saman med Hardangerfjord Adventure! Deira basic fjordsafari med RIB tek deg til stadar i Hardanger som kun er tilgjengeleg med båt. På turen, som har avreise frå Øystese, kjem du med andre ord tett på den eine naturperla etter den andre.

​​​​​

RIB-turen med Hardangerfjord Adventure går via den gamle handelsstaden Herandsholmen på sørsida av fjorden, før dei går inn mellom dei stupbratte fjellsidene i Fyksesund og til den veglause grenda Botnen. Returen går via Kvamsøy, som er blant dei mest nytta og attraktive øyane i Hardangerfjorden. Båten stoppar tett opptil land fleire stader for å oppleva naturen og livet langs fjorden. Eit godt tips er å ha fotoapparatet lett tilgjengeleg!

Hardangerfjord Adventure tilbyr også gruppeturar frå andre stader i regionen mot nærmare avtale.

Kart